Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar legg til grunn fire hovudprinsipp:
- Sjuke personar skal ikkje vere til stades
- Gode rutinar for handhygiene og reinhald
- God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar
- Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar/utstyr
TILTAKSPLAN |
|
Tiltak i gudstenester og kyrkjelege handlingar |
Ansvar |
Innføring/opplæring i lokal smittevernplan og smittevernveileder frå Den Norske Kyrkje for alle tilsette som skal tenestegjere i gudstenester og kyrkjelege handlingar.
|
Kyrkjeverje innan 28.mai. Før kvar gudsteneste har sokneprest ansvar for nødvendig opplæring av friviljuge. |
Handsprit-dispenser ved inngangen(e). Sjå til at alle besøkande nyttar denne.
|
Kyrkjetenar skaffar og set ut handsprit i kyrkja. Kyrkjevert/ soknerådsrepresentant ser til at alle besøkande brukar det |
Forsterka reinhald. Dette gjeld både før og etter arrangement. |
Kyrkjetenar og organist har ansvar for reinhaldet, og følgjer KA`s råd om vask av kyrkjer og smittevernveilederen.
|
Plakatar om god hand- og hostehygiene må henge godt synlig.
God informasjon til besøkande skal vera tilgjengeleg i kyrkjene, samt på webside og facebook.
|
Kyrkjeverje i samarbeid med kyrkjetenar.
Kyrkjeverje i samarbeid med organist. |
Merke tydeleg av kvar folk kan sitje ved hjelp av merking av benkar, og leggje ut gudstenesteprogram.
Alle skal halde god avstand, minst 1 meter mellom dei besøkande. Dei som kjem frå same husstand kan sitje saman utan omsyn til avstand.
|
Kyrkjeverje i samarbeid med kyrkjetenar.
Soknerådsrepresentant/ kyrkjevert. |
Passe på maks 50 personar utanom tilsette og frivillige er til stades. (Lokalet må vere stort nok til at krava til avstand vert overhalde).
I Bruflat kyrkje er det plass til 50 stk, men 4 må sitte på galleriet. Ved fleire frå same husstand treng vi ikkje bruke galleriet. I Nord- Etnedal kyrkje er det plass til 44 stk, men ved fleire frå same husstand kan det være mogeleg med 50 stk.
|
Soknerådsrepresentant/ kyrkjevert har ansvar for å informere besøkande til å kome ved neste messe og setje opp plakat om at det maksimale talet er nådd.
Alle tilsette og frivillige har ansvar for at smittevernreglane vert følgde. |
Føre liste over dei som er til stades ved arrangementet.
Skjema med namn på medverkande, samt inntil 50 felt for namn og telefonnummer på deltakarar ligg i begge kyrkjene. |
Soknerådsrepresentant/ kyrkjevert fyller ut liste. Sokneprest får den etter messa og tek den med på kyrkjekontoret. Kyrkjeverje sikrar riktig oppbevaring og makulering av lister etter 10 dagar.
|
Kyrkjeofring – ein tek ikkje opp offer med kontantar. Det vert kunngjort i program og i gudsteneste korleis ein kan gje offer via VIPPS.
|
Klokkar/ sokneprest informerer i kunngjeringane. |
Unngå samanstimling ved inngang/ utgang. |
Soknerådsrepresentant/ kyrkjevert. Sokneprest og/eller klokkar minner om dette i kunngjeringane.
|
Nattverd · Oblater leggjast klare i særkalkane – husk god håndhygiene/ hansker · Særkalkene settes klare på brett ved inngangen til alteret · Maks fire personer ved alterringen samtidig
|
Sokneprest/ Kyrkjetenar/ Klokkar
|
Dåp · Dåpsfølgje som står ved døypefonten saman med presten, bør bestå av få personer. · Med grundig handvask i forkant, kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte. · Papirserviett vert nytta til å tørke dåpsbarnets hovud. · Presten let ein foreldra løfte barnet fram for kyrkjelyden i etterkant av dåpshandlinga.
|
Sokneprest har ansvar for at foreldra til dåpsbarnet fyller inn namna på deltakarane i dåpen i god tid før dåpen.
Kyrkjeverje kjøper inn papirserviettar. |
Gravferd · Ingen særskilte tiltak her ut over dei generelle retningslinjene, fortrinnsvis ein som ber fram og les på kransane. · Særskilte hygienekrav for det av utstyr som fleire bruker i seremonien. |
Sokneprest (Kyrkjeverje har ansvar for merking av benkar, men justeringar som må gjerast på sjølve dagen blir eit samarbeid mellom kyrkjetenar og gravferdsbyrå) Gravferdsbyrået skriv og tek ansvar for deltakarliste. Kopi sendes til kyrkjeverje. |
Vigsel · Berre brudepar og forlovarar er ved altaret saman med presten. · Med god handhygiene i forkant og etterkant, kan ekteskapsinngåing og forbøn med handspålegging gjennomførast på vanleg måte. · Deltakarliste fylles ut av brudeparet på forehand, og sendast til kyrkjekontoret. Kan bruke same mal som er vedlagt denne planen. · Brudeparet må ha eigne kyrkjevertar som sørgjer for at eventuelle program settast i benkane og at smittevernreglar vert følgde. Dei får kopi av lokal smittevernplan.
|
Sokneprest |
Open kyrkje/ Andre arrangement i kyrkja · Regler for smittevern og reinhald må føljast. · Omvisar/ andre medverkande må få opplæring
|
Kyrkjeverje, kyrkjetenar, organist og sokneprest |
Frammøte for tilsette/friviljuge og sjekkliste før kvar gudsteneste og kyrkjeleg handling · Alle tilsette og friviljuge møter ein time før start, slik at ein har tid til å gå gjennom tiltaksplan og sjekkliste. · Sjekkliste fylles ut.
|
Sokneprest/ Kyrkjeverje
Kyrkjeverje sørger for at det sjekklister i begge kyrkje. |
*Vedlegg: Sjekkliste og deltakarliste